Bakgrunn
Det norske landbruket er ein historie om å sjå samanhengen mellom ressursar, matproduksjon og busetting. Alt tidleg på 1800-talet hadde dei fleste fleire syslar som grunnlag for levevegen sin. Jordbruk, skogbruk, fiske, handverk og reiseliv.
Mangesysleri blei det ofte kalla.
Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og den siste tida har det vert ein auke i produksjon av sider, vin og ost i regionen. Dette er næringar som ligg tett opp tl reiselivet. Derfor er det behov for meir kompetanse i forvaltning og produksjon. Formålet med utdanninga er å gje deg innsikt i potensielle mulegheiter og ressursar som eksisterer innanfor egen gard. Både regionale og lokale behov vil bli lagt vekt på og etter fullført studium skal du kunne meir om koss du kan få meir utbytte av råvarene og ressursane du alt har.
Innhaldet i studiet er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.
Organisering
Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke i lågsesongen (september-mars). I tillegg noko nettundervising. Det er lagt opp til to - tre samlingar per modul, til saman 12 samlingar på to år. Første samling er 03. - 05.10.24. Se lenger ned for alle datoane.
Varighet og omfang
Studiet er på 60 studiepoeng fordelt på fire emne og blir gjennomført over to år, fordelt på fire semester.
Moduler
Modul 1 (første semester): Bedriftsøkonomi og leiing
Studenten har kunnskap om:
- Korleis ein les eit rekneskap. Forstår inntekter og kostnader og grunnlag for økonomiske avgjersler i verksemda.
- Korleis ein utarbeidar ulike budsjett og analysar
- Eksport til ein mogleg alternativ marknad
- Vurdering av ulike finansieringsalternativ
- Å sjå kva potensiale som ligg i det sirkulære i drifta og utnytting av naturressursane i verksemda
- Mangfaldsleiing innan drift og produksjon
- HMS-leiing
Modul 2 (andre semester): Marknadsføring og kommunikasjon
Studenten har kunnskap om:
- Ulike typar salsmetodar
- Digital nettverksøkonomi, konsekvensar av robotisering og digitalisering for verdiskaping og sysselsetting
I. Endringstempo, trekk og trendar ved digitalisering og teknologiutvikling
II. Omstillingsbehov-og krav
III. Truslar og det moglege
- Reiselivskunnskap
- Merkevarebygging - marknadsplan
- Opplevingsdesign
- Digitale plattformar
- Teknologi- og arbeidsprosessar
- Vertskapsrolla
I. Storytelling
II. Besøksgard - arbeidstrening/psykiskhelse
III.Sosial meistring og livskvalitet
Modul 3: Lokal foredling
Studenten har kunnskap om
- Verdikjeda/utviklinga av t.d. matprodukt eller opplevingar
- Foredling av produkt
- Sirkulærøkonomi og ressursutnytting på eigen gard og produksjon
- Korleis ein kan utnytte «c-produkt»
- Korleis finne nye bruksområde for eksisterande produkt
- Læringsarena for ulike foredlingstradisjonar
- Korleis ein kan nyttiggjere seg av bygningstradisjonar inn i produksjon og oppleving
- Korleis utvikle og utnytte nye energiformer i gardsdrifta og formidle denne kunnskapen
Modul 4: Bedriftsutvikling og entreprenørskap
Studenten har kunnskap om
- Korleis bedriftsutvikling og innovasjon er viktige moment i utvikling av forretningsplan
- Natur, økologi og kulturbasert entreprenørskap
- Tverrfagleg samarbeid si betydning for resultatet
- Effektar og begrensingar som ligg i
- lovverk i skjeringspunkt landbruk/reiseliv
- reguleringsplanlegging
- areal og miljøplanlegging
- søknadsarbeid konsesjon, tilskot m.v.
- korleis utvikle produksjonen av varer og tenester som tek omsyn til beredskap, klima og miljø artsmangfald og samfunnsnytte, m.m.
Sjå studieplanen for Grønt mangesysleri og entreprenørskap her.
Informasjon om oppstart og samlingsveker for studieår 24-25
Modul 1 (første semester)
Første samling: 3.10. - 5.10.24
Andre samling: 24.10. - 25.10.24
Tredje samling: 05.12. - 07.12.24
Modul 2 (andre semester)
Fjerde samling: 16.01. - 18.01.25
Femte samling: 06.02. - 08.02.25
Sjette samling: 27.02. - 28.02.25
Nærmere informasjon vil bli sendt til studenter.
Opptakskrav
Opptakskrav er enten relevant fagbrev, fullført og bestått videregående opplæring innen naturbruk, eller lang arbeidserfaring fra relevant område.
Relevante fagbrev:
- Fagbrev landbruk (NAAGR3) og yrkeskompetanse landbruk (NALBR3), anleggsgartnerfaget, akvakulturfaget, fiske og fangst, reindriftsfaget, idrettsanleggsfag, hestefaget, hovslagerfaget, gartnerfaget, gartnernæring og skogfaget.
- Fagbrev innen service og samferdsel: IKT-driftsteknikerfaget, IKT-servicefaget, IKT-tjenesteutviklerfaget, kontor- og administrasjonsfaget, logistikkfaget, resepsjonsfaget, reiselivsfaget, sikkerhetsfaget, salgsfaget, yrkessjåførfaget.
Dersom søker ikke har bestått fagbrevet ved søknadstidspunkt, kan opptak skje på vilkår om bestått fagprøve innen 31.12 i opptaksåret (jf. kap. 2 i fagskoleforskriften).
Vilkår for opptak er beskrevet i kapittel 2 i Forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2019-12-18-2022
Realkompetanse vil bli vurdert opp mot kompetansemålene i Vg3 fagplaner for et av de aktuelle fagene vist til i avsnittet over.
Påmelding
Husk å legge ved dokumentasjon på relevant fagbrev eller arbeidserfaring for å bli realkompetansevurdert. Arbeidserfaring må være bekreftelse, attest eller tjenestebevis og må inneholde stillingsstørrelse, stillingstittel, omfang og arbeidsoppgaver.
Løpande påmelding.
Søk her
Studieavgift
Det er ikke studieavgift på dette studiet.
Sted
Fagskolen Rogaland / samlingssted Ryfylke (mer info kommer)
Kontakt
Einar Schibevaag
Faglig ansvarlig
E-post: einar.schibevaag@skole.rogfk.no